Seljord folkehøgskule med alle elevar og lærarar tek på seg oppgåva med å plukke plast og søppel langs mange av vassdraga i kommunen. Seljord kommune er svært takknemlege for at folkehøgskulen vil ta eit ansvar for nærmiljøet. Vi ber om at alle tek vel imot elevar og lærarar som går langs vassdraga våre onsdag 6.okt. i veke 40. Dei fortener stor takk for innsatsen.