Renovasjon

Kommunen skal sørgje for å samle inn hushaldsavfall (tvungen renovasjon). Hushaldsavfall er rekna som avfall frå private hushald, òg større gjenstandar slik som inventar. Stativ og liknande blir sette opp slik kommunen avgjer. Farleg avfall skal ikkje blandast med vanleg hushaldsavfall, men leverast på eige mottak. Det finst òg eigne returordningar for bestemte typar avfall. Kommunen kan etter søknad frita bestemte eigedommar frå den kommunale innsamlinga.

I Seljord. Kviteseid, Fyresdal. Tokke og Vinje er det Renovest som står får renovasjonsordninga.  Dei fleste spørsmål kan ein få svara på hos Renovest, tlf: 35 06 80 00

Innkrevjing av gebyr i samband med renovasjonsordninga er det Seljord kommune som har ansvar for. Har du spørsmål om tilsendte fakturaer, ta kontakt med teknisk avdeling.

Kommunestyret i Seljord kommune vedtok 14.12.17 ny føresegn for renovasjon og slam

Vatn

Etter "Drikkevassforskrifta" skal vassverk godkjennast av Mattilsynet om det er fleire enn 20 husstandar/hytter eller 50 personar knytt til vassverket.

 

Slamtøming

Renovest har ansvaret for innsamling, transport og handsaming av septik og slam. Det er Teknisk avdeling som har ansvar for kommunale reinesanlegg.