Seljord kommune markerer juni som Pridemånad. Startskotet gjekk då ordførar Beate Marie Dahl Eide og Tommy Müller, eldsjel og initiativtakar, saman med fleire andre heiste prideflagget ulike plassar i kommunen den 1. juni. Skulelevar ved både Flatdal oppvekstsenter og Seljord barne- og ungdomsskule deltok med sang om inkludering og Blime-dansen. I tillegg vart Pride-flagget heist på Granvin kulturhus. Flagga skal henge oppe heile junimånad.

Pride blir markert i Seljord i 2022, 50 år etter at forbodet mot homofilli vart oppheva i Noreg. "Seljord skal vere ei bygd for alle - uansett kven du er og kven du er gald i", seier ordførar, Beate Marie Dahl Eide.

Seljord bygdepride går av stablen laurdag 18. juni. Les meir på deira Facebook-side for oppdateringar om arrangementet.