Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Redusert betaling for SFO-plass

Publisert , Oppdatert 06. oktober 2020
Aktive barn

Aktive barn

Frå og med skuleåret 2020/2021 innførte regjeringa to ordningar for redusert betaling for SFO-plass.

  • Ei inntektsavhengig ordning med redusert foreldrebetaling i SFO for hushaldningar med elevar på 1. og 2. trinn.
    Har familien samla inntekt lågare enn kr 519 750 basert på makspris for SFO-plass i Seljord, har ein rett på redusert betaling etter søknad.
  • Gratis SFO for elevar med særskilde behov på 5. til 7. trinn.

Slik søkjer du:
Send søknad om redusert foreldrebetaling via elektronisk søknadsskjema, sjå Søk tenester.
Søknadsfrist hausten 2020: 25.10.20.

Dersom du søker før 25.10.2020 vil søknaden ha tilbakeverkande kraft frå og med 1.8.2020.

Du må betale full pris for SFO-plassen fram til søknaden er godkjent. Dersom du søker seinare i året vil eit eventuelt vedtak gjelde frå 1.i  månaden etter at kommunen har motteke søknaden. Etter 25.10.20 vil ikkje redusert foreldrebetaling på SFO ha tilbakeverkande kraft.

Ein må søke om ordninga kvart år. seinare vil søknadsfristen vere 1.august for å få redusert betaling frå oppstart av skuleåret.

Les meir om ordninga på SFO-sidene våre