Nasjonal informasjon og lenker

6 råd for å dempe uro og bekymring:

1. Sett deg inn i anbefalingane frå myndigheitene
Den beste informasjonen om koronaviruset finn ein på helsenorge.no og nrk.no. Informasjonen er nøktern og lett forståeleg. Det er ikkje lurt å søkje informasjon i mindre seriøse medie, som kan overdrive og forvrenge for å skape sensasjon og auke salstala.

2. Avgrens tida du følger nyhende om pandemien
Vi treng å følge råda til myndigheitene, men vi trenger ikkje å oppdatere oss på nyhende heile tida - det aukar berre stresset og uroa.

3. Fyll hovudet med noko anna
Det er bra å vere oppteken med noko anna enn pandemien. Det kan vere underhalding, film, spel, leik, lesing, lydbøker, radio, podcast, rydde, hobbyar.

4. Bruk kroppen
Det enklaste og beste er i grunnen å vere i fysisk aktivitet. Gå ein tur. Det roar kroppen og tankane, gjer oss meir robuste og gjer det lettare å sovne om kvelden.

5. Gjer noko for andre
Hjelp andre med praktiske ting eller med å roe seg ned. Gjer noko hyggeleg saman. Hjelp andre ved å prøve å ikkje bli sjuk sjølv og ved å ikkje smitte vidare. Hjelp andre gjennom å ikkje handle meir enn du treng. Det er også ei hjelp for andre å dempe eiga uro, å vere ein trygg person for andre.

Og så eit råd til dei som må vere heime, med eller utan barn:

6. Hold på døgnrytmen
Stå opp tidleg, et frukost, lunsj og middag på same tid kvar dag, og legg det til same tid. Kroppen er eit vanedyr, og når vi manglar struktur, blir kroppen meir uroleg. Rutinar førebygger konfliktar og skaper føreseielege og trygge kvardagar.

6 gode råd – utarbeida av Jens Tennebø Jensenius, kommunepsykolog i Lillesand