Kommunestyret i Seljord vedtok 17.2.22 å seie ja til IMDI si anmodning om å ta i mot 13 flyktningar i løpet av 2022. Det skulle ikkje gå mange dagar før verdssituasjonen endra seg fullstendig. Seljordordføraren seier at det no er ein ekstrem situasjon i Europa, og at dette vil prege samfunnet i fleire år framover: - Svara på kva som vil skje framover, kor mange menneske som vert drivne på flukt, kva behov dei har, kva dette krev av verdssamfunnet, det er det ingen av oss som har idag. Men, ein ting er eg heilt sikker på: Vi har ei moralsk forplikting til å hjelpe folk i naud! Eg håpar og trur Seljordssamfunnet er beredt til å brette opp ermane og hjelpe til! Det som skjer i Europa no er rystande. Eg hadde ikkje trudd vi skulle sjå eit Europa i krig i 2022, seier Dahl Eide.

Ordføraren oppmodar allereie no privatpersonar som har hus eller leilegheiter som kan nyttast til busetting av flyktningar om å ta kontakt med kommunen og melde frå om dette: - Bustad er alltid eit kritisk punkt når det kjem til busetting av flyktningar. No må vi alle bidra i dugnaden for dei som er på flukt, seier Dahl Eide.

Ordføraren reknar med at mottak av ekstra flyktningar òg vil krevje ei styrking av ulike kommunale tenester: - Dette er noko ein må komme tilbake til. Først må vi melde inn til styresmaktene at vi er med på dugnaden. Når det gjeld økonomi har ordføraren allereie meldt inn til kommunane sin organisasjon, KS, at kommunane raskt må få finansiering for å kunne bygge opp eit godt mottaksapparat: - Det følgjer midlar med busetting av flyktningar, men i denne spesielle situasjonen er det ekstra viktig at kommunane får forutsigbare rammer disponibelt snarast råd, seier Dahl Eide.

 

 

Med vennleg helsing

 

Beate Marie Dahl Eide

Ordførar i Seljord kommune

 

Mobil 917 39 893