Oppheva: Lokal forskrift om karantenepåbod.
Formannskapet vedtok i dag å ikkje føre vidare lokal forskrift om karantenepåbod for innreise frå Oslo og Viken. Det betyr at f.o.m. 2. mai er det berre sentrale retningsliner som gjeld, også i Seljord. Og til alle som har vore med å redusere smittefare ved å rette seg etter karantenepåbod og innreiseforbod dei siste vekene, takk skal de ha!