Føre var

Dei fyrste tilfella av koronaviruset er no stadfesta i Noreg. Seljord kommune fylgjer nøye med på situasjonen og held seg fortløpande orientert. Ein reknar med at viruset smittar som ved forkjøling og influensa ved at virus blir overført frå luftvegane hjå ein sjuk person, på tre måtar:

  • Gjennom lufta ved at den sjuke nys eller hostar slik at viruset blir pusta inn eller kjem i kontakt med slimhinna i auge, nase eller munn hos personar som står i nærleiken.
  • Ved direkte kontakt når den sjuke har fått viruset på hendene og overfører det ved kontakt med andre.
  • Ved indirekte kontakt når viruset har blitt overført til inventar eller gjenstandar gjennom nys/host eller ved at den sjuke eller andre har hatt viruset på hendene, og andre kjem i kontakt med gjenstanden.

Kommuneoverlegen i Seljord kommune fylgjer med og held seg oppdatert på råda frå nasjonale helsemynde (Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet) og førebur eventuelle førebyggjande tiltak samt oppfylgjing av eventuell smitte. Helsepersonell på legekontoret/ legevakta i Seljord er godt informert og førebudd til å handtere potensielt smitta pasientar.

Dei viktigaste tiltaka er gode hygienerutinar med hyppig og grundig handvask, gode vanar for hosting for å avgrense smitte og oppdage moglege tilfelle tidleg, teste dei og isolere dei heime eller i sjukehus.

Om du skal ut på reise/har vore på reise
Den enkelte person som skal på reise til Kina, utlandet, eller har vore i Kina dei siste 14 dagane, bør sjølv halde seg orientert om råda frå norske styresmakter. Råda blir fortløpande oppdatert på FolkehelseinstituttetHelsedirektoratets og Utanriksdepartementet sine nettsider.

Folk som har vore på reise utan kontakt med sjuke, og som kjenner seg friske, kan leve som normalt. Dersom ein får feber og/eller luftvegssymptom som sår hals, hoste eller tungpust etter å ha vore på utanlandsreise i område med spreiing av virus dei siste 14 dagane, må ein reagere på dette. Ring fastlegen din eller legevakta på telefon 116117. Det er då viktig at dei opplyser om kvar dei har vore, og om eventuell kontakt med smitte.

Spørsmål og svar om koronaviruset
Ynskjer du meir informasjon om koronaviruset - sjå  Folkehelseinstituttet sine nettsider. Der finn du oppdatert fakta og informasjon.

Har du spørsmål og vil snakke med nokon kan du også ringe ei eiga informasjonslinje som Helsedirektoratet har oppretta for å avlaste nødtelefonen og delar av helsetenesta.
Tlf 815 55 015. 

Eg føler meg sjuk etter reise til Kina/smitteområde. Kva skal eg gjera?
Ring fastlegen din eller legevakta på telefon 116117, fylg råda og rettleiinga derfrå.

Korleis kan eg bidraga til å førebyggje smitte?
Fylg råda om vanar som kan førebyggje smitte ved å hoste i papirlommetørkle eller albogekroken, vask hendene ofte og set deg ellers inn i råda frå helsestyresmaktene. 

Korleis forklare Koronaviruset til barn?

Helsedirektoratet har laga ein informasjonsfilm om koronaviruset. Mange barn og unge har spørsmål om koronavirus.
I YouTube-filmen:
https://youtu.be/v1W249tl1vA får du svar på spørsmål Hermine (13) stiller Helen (lege i Helsedirektoratet).
Her er ein kortare versjon av informasjonsfilmen: 
https://youtu.be/3YFsvj00134
Filmen gir også informasjon som er viktig at voksne veit.
https://www.youtube.com/watch?v=v1W249tl1vA&feature=youtu.be

Informasjonsmateriell

Sjå nettsida til Folkehelseinstituttet
Sjå nettsida til Helsedirektoratet
Sjå nettsida til Utenriksdepartementet ­-  reiseinformasjon Kina
Sjå nettsida til Utenriksdepartementet – Reiseinformasjon frå UD