Vi håpar at vi slepp å stenge vatnet til abonnentar i området. Dersom vi må gjere det, vil dei bli varsla. 

Seljord kommune ber om forståing for at arbeidet vart meir omfattande enn vi hadde sett føre oss. Vi skal sikre trygg vassforsyning til abonnentane ved å produsere godt og sikkert vatn på det nye vassverket på Vallar. Utfordringane kjem når nærare 50 år gamle rør sprekk og vi må grave fleire meter ned i bakken enn vi hadde aning om.

Når dette no skjedde, så kan vi vere svært takksame for at det ikkje er ein festivalsommar i Seljord. Dei toppane med stort vassforbruk som skjer under festivalane, ville hatt innverknad på vassforsyninga til abonnentane i Seljord.

Seljord kommune ber om orsaking og forståing for at dette fører til ulemper for innbyggjarane og publikum. God sommar!