Opningstider i barnehagane i Seljord

Publisert , Oppdatert 27. august 2020
Denne artikkelen er over 2 år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Mat i barnehagen

Mat i barnehagen

Velferdsutvalet fatta 25.8.2020 vedtak om ordinære opningstider for barnehagane. Barnehagane vil frå og med veke 38 ha normale opningstider, kl 07.30 til 16.30. Det er framleis «gult nivå» på drifta i barnehagane, men storleiken på gruppene/kohortane kan no bli utvida. Barna i barnehagen må framleis ha med matpakke som tidlegare. Spørsmål kan rettast til barnehagane.
Vi vil framleis ha noko redusert pris for opphald fram til veke 38, då går vi opp til full pris. Kostpengar vil vere redusert til å berre dekke drikke så lenge barna har med niste.