Fredag 6. september opna dei nye ungdomsklubblokala i den gamle meieriet og tidlegare bussterminalen i Seljord sentrum. Klubben har fått namnet Mjølkerampa.

Fleire hundre ungdommar frå heile Vest-Telemark var til stade på opninga. Busslastar med ungdom frå nabokommunane kom til Seljord for å delta.
Ordførar Solveig Sundbø Abrahamsen sto for den formelle opninga av Mjølkerampa. Mange ungdommar kosa seg utover kvelden i dei nye, fine lokala.

Vi håpar ungdomsklubben blir godt teke imot og mykje bruka. Gratulerer og lykke til!