Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Omsorgsovertaking av eit barn

  • Generelt om tjenesten

    Tenesteomtale

    Ei omsorgsovertaking skjer berre i alvorlege tilfelle og kan skje med eller utan samtykket til foreldra. 
     
    Når barnevernet vurderer barnet sin situasjon som så alvorleg at den bør bort frå heimen, må saka til avgjerd i eit nøytralt organ, som er fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker. Det er fylkesnemnda som gjer den endelege avgjerda etter at foreldra og barnevernet er blitt høyrt.
     
    Dersom du opplever å bli fråteke barnet ditt, vil du kunne få hjelp og støtte både frå barnevernet i din kommune og frå familievernkontoret.
     
    I utgangspunktet er ei omsorgsovertaking mellombels og barnevernet vil jobbe saman med foreldra for at barnet skal få flytte heim igjen. Du har også rett til samvær med barnet.
     

    Kriterium/vilkår

    Kriterium for omsorgsovertaking kan vere 

    • at det er alvorlege manglar ved den daglege omsorga som barnet får, eller alvorlege manglar i den personlege kontakten og tryggleiken som det treng etter sin alder og utvikling
    • at foreldra ikkje sørgjer for at eit sjukt eller funksjonshemma barn får dekt sitt særlege behov for behandling og opplæring
    • at barnet blir mishandla 

    Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

    aaa
  • Lover og forskrifter

    Sjå spesielt barnevernloven § 4-12 - § 4-19.

    Lover

    Barnevernloven

    Forskrifter

    Forskrift om barnets talsperson i fylkesnemndsaker

    ___
  • Skjema
  • Saksbehandling
  • Andre opplysningar
    Oppdatert:
    2019-09-01 18:57