Dei vil gjerne dele denne informasjonen: "Er du tilbydar av produkt knytt til fiske i ein av fjellkommunane i Telemark? Vil du ha gratis rådgjeving for å få ditt produkt synleg på nett? Fishspot Fjell-Telemark går snart inn i sitt siste prosjektår, og vi er stadig på utkikk etter skjulte perler som fortener meir merksemd!

Naturbaserte opplevingsnæringar, deriblant fiske, er eit aukande segment i reiselivet. Ein ser at fisketurisme i mange tilfelle gjev store ringverknader. Det har kome eit initiativ om å forsøke å hente ut meir verdiskaping av fiskeressursane i fjellkommunane i Telemark; Hjartdal, Seljord, Tinn, Tokke, Vinje og Fyresdal. Initiativet har blitt til eit prosjekt finansiert gjennom fjellandbruksmidlar frå Fylkesmannen i Vestfold og Telemark, og er eigd av AT Skog.Faun Naturforvaltning leiar prosjektet i samarbeid med Gudmund Nygaard iFishspot.no.

Målet med prosjektet er auka lokal verdiskaping, slik som dei har fått til særleg i Hedmark. Prosjektet ynskjer å kome i kontakt med dykk som vil noko med fiskeressursen dykkar, men og med dykk som har tilknytta tilbod som overnatting, fiskekortutsal, matservering eller kan vere fiskeguide. Prosjektet tilbyr ulike produktpakker ettersom kva tilbydar du er.

Prosjektet har og ei prosjektside på Facebook der det blir lagt ut relevant informasjon. Gruppa heiter «Fishspot Fjell-Telemark». Bli gjerne medlem i denne gruppa om du er interessert i oppdateringar om prosjektet!
Ta kontakt med Monica Sølyst i Faun: ms@fnat.no eller Gudmund Nygaard i Fishspot/Inatur: gudmund.nygaard@inatur.no om du har eit aktuelt produkt eller ynskjer meir informasjon. For å vere sikra oppfylging, ta kontakt innan 15. september 2021."