Innbyggjar i Seljord kommune?
Reiser du utanfor Vest-Telemark, Notodden, Tinn, Hjartdal og Midt-Telemark, må du vere i heimekarantene når du kjem attende til Seljord. Dette gjeld uansett formål med reisa ut av området. Det vert ikkje gjeve unntak.
Pendlar du til ein kommune utanfor desse områda, må du vere i heimekarantene når du er i Seljord. Dette gjeld uansett om du dagpendlar eller vekependlar eller anna.Reiser du ut att i løpet av karanteneperioden startar ny karantene når du kjem att.
NB: Hugs å sjekke om kommunen du vil reise til har vedteke eigne restriksjonar. 

Pendlar du til arbeid i Seljord?

Du kan fritt reise på arbeid her om du bur i dei andre kommunane i Vest-Telemark, Notodden, Tinn, Hjartdal og Midt-Telemark, så lenge du ikkje har vore utanfor desse kommunane etter 13. mars.
Bur du utanfor desse kommunane, har du innreiseforbod til Seljord kommune, så lenge du ikkje har ein samfunnskritisk jobb. Oversikt over kva jobbar dette gjeld, finn du på www.dsb.no

Innreiseforbod til Seljord kommune:
Bur du utanfor Vest-Telemark, Notodden, Tinn, Hjartdal og Midt-Telemark, har du innreiseforbod til Seljord kommune. Det einaste unntaket er om du har ein samfunnskritisk jobb her. Oversikt over kva jobbar dette gjeld ligg på www.dsb.no

Reise gjennom Seljord kommune:
Hovudvegane gjennom kommunen er opne for gjennomgangstrafikk.

Unntak frå karantene eller innreiseforbod?
Det vert ikkje gjeve andre unntak enn det som står i punkta ovanfor.

I heimekarantene eller heimeisolasjon?
Følg dei nasjonale retningslinjene. Sjå www.fhi.no