Prosjektet SELJORDTRÅKK

Prosjektet SELJORDTRÅKK handlar om vegfinning og å gjera Seljord sentrum tilgjengeleg, trygt og attraktivt for alle. Seljord kommune arbeider med Feste Landskap og Arkitektur, M8 Design, Høgde AS og Visit Seljord, som er

er sett saman av mange delprosjekt og finansieringa byggjer på å søke midlar frå ulike tilskotsordningar.

Eit av delprosjekta er bekke- og naturrestaurering av bekken KJEMPA, frå Brøløsvegen 7 langs Ingrid Slettens veg og bakanfor Sjøormkroi og motellet. Våren 2026 fekk vi NATURSATSMIDLAR frå Miljødirektoratet til dette arbeidet. Målet for Kjempaprosjektet er å gjenskape økologiske samanhengar langs bekken, handtere overvatn og flaumdemping, samt lage eit attraktivt nettverk av turvegar i blå-grøn struktur.

Første punkt på tiltakslista er søppelrydding langs heile strekningen. Onsdag 21.10.26 var ein stor gjeng elevar frå Seljord folkehøgskule med på dugnad og vi fekk fjerna mykje søppel! Tusen takk for super innsats!

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?