Egenberdskapsuka 2026 - uke 44

Egenberedskapsuka er ei nasjonal informasjons- og kampanjeveke som blir arrangert kvart år av Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) i samarbeid med kommunar, statsforvaltarar, Sivilforsvaret og frivillige organisasjonar. Målet er å auke kunnskapen om korleis innbyggjarane kan førebu seg på kriser og hendingar som kan påverke kvardagen.

Kort sagt handlar eigenberedskap om å vere førebudd slik at du kan ta vare på deg sjølv og dine næraste i ei krise. God eigenberedskap gjer samstundes at myndigheiter og naudetatar kan prioritere dei som treng hjelp aller mest.

I veke 44 (26. oktober – 1. november) er det Egenberedskapsuka over heile landet. Årets tema er korleis vi kan få og dele viktig informasjon dersom mobilnettet eller internett fell bort.

I samband med åpning av Egenberedskaspuka måndag 26 okt inviterer DSB til digital kick-off med sendingstart kl.11.00 frå Sola kulturhus. Program frå åpningsarrangement ser du her; program---apning-egenberedskapsuka.pdf Lenke til et annet nettsted..

Du kan sjå åpninga her; Egenberedskapsuka 2026 - åpning | Mediaflow Lenke til et annet nettsted.. Sendinga blir også srteamet

Norske styresmakter tilrår at flest mogleg er førebudde på å klare seg sjølve i minst ei veke dersom ei krise oppstår. Det kan vere straumbrot, ekstremvêr, bortfall av elektronisk kommunikasjon eller andre hendingar som påverkar kvardagen vår. God eigenberedskap gjer deg og familien din tryggare, samstundes som samfunnet kan prioritere hjelp til dei som treng det mest.

Årets tema: Når mobil og internett ikkje fungerer

I dag er mykje av informasjonen vi får avhengig av mobiltelefon og internett. Dersom elektronisk kommunikasjon blir sett ut av spel over lengre tid, er det viktig å vite kvar du kan få oppdatert og påliteleg informasjon.

Kan du klare deg sjølv i ei veke?

Tenk gjennom kva du og husstanden din treng dersom straumen blir borte, vatnet ikkje kjem i springen, eller butikkane har redusert tilgang på varer.

Styresmaktene anbefaler mellom anna at du har:

  • drikkevatn
  • mat som toler lagring i romtemperatur
  • alternative lyskjelder
  • batteri og ladeløysingar
  • nødvendige medisinar
  • varme klede og tepper
  • kontantar til mindre innkjøp

Foto: DSB.no

Nokre førebuingar er betre enn ingen, og eigenberedskap kan byggjast opp litt etter litt.

Hjelp kvarandre

Familie, vener og naboar er ei viktig ressurs i kriser. Avtal gjerne på førehand kven som kan hjelpe kvarandre dersom noko skjer. Eldre, personar med nedsett funksjonsevne eller andre med særlege behov kan trenge ekstra støtte dersom ei krise varer over tid.

Seljord kommune sitt informasjonspunkt

Dersom elektronisk kommunikasjon fell bort over lengre tid, vil kommunen kunne formidle informasjon gjennom eigne informasjonspunkt på

Kommunehuset i Seljord med adresse Brøløsvegen 13A 3840.

På informasjonspunktet kan du;

  • Få viktig informasjon om situasjonen og kva du som innbyggjar kan eller bør gjere
  • Be om hjelp frå kommunale tenester og, så langt det er mogleg, få praktisk hjelp og rettleiing

Seljord kommune si øving – utfall av straum og elektronisk kommunikasjon og oppretting av informasjonspunkt

Torsdag 29 oktober vil beredskapsleiing i kommunen i samarbeid med Sivilforsvaret og Seljord rødekors gjennomføre ei øving med dette tema. Vi skal teste innkopling og bruk av naudstraums aggregat på kommunehuset, bruk av sikringsradio og nødnettsamband samt oppretting av informasjonspunkt på Kommunehuset.

Les meir

Du finn råd, sjekklister og informasjon om eigenberedskap på nettsidene til Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB).

Slik bidrar du til Noregs beredskap; Slik bidrar du til Norges beredskap Lenke til et annet nettsted.

Her finn du brosjyra «Slik bidrar du til Norges beredskap»: Råd om egenberedskap Lenke til et annet nettsted.

Sjekkliste for eigen beredskap; Råd om egenberedskap Lenke til et annet nettsted.

Råd dersom internett og mobilnett ikkje virkar; Råd hvis internett og mobilnett ikke virker Lenke til et annet nettsted.

Informasjon til publikum om eigenberedskap knytt til varme, helse og andre overordna råd: Egenberedskap Lenke til et annet nettsted.

Her kan du laste ned og printe ut egenberedskap på flere språk: Egenberedskap på flere språk Lenke til et annet nettsted.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?