Granvin kulturhus seier opp avtalen med Bygdekinoen

Styret i Granvin kulturhus har vedteke å seie opp samarbeidsavtalen med Bygdekinoen som eitt av fleire tiltak for å betre ein krevjande økonomisk situasjon ved kulturhuset.

Avtalen har seks månaders oppseiingsfrist, noko som betyr at kinotilbodet etter planen blir vidareført fram til 1. mai 2027.

Dagleg leiar Geir Jensen understrekar at avgjerda er vanskeleg, men nødvendig:

– Kinoen er eit viktig kulturtilbod for mange, og dette er ei avgjerd vi gjerne skulle vore forutan. Oppseiinga er utelukkande økonomisk grunngitt og handlar ikkje om samarbeidet med Bygdekinoen, seier Jensen.

Granvin kulturhus har allereie sett i verk fleire tiltak for å redusere kostnader og betre økonomien. Sjølv om avtalen no blir sagt opp, håpar kulturhuset framleis at det kan bli mogleg å vidareføre kinotilbodet på sikt.

– Vi ønskjer framleis å vere ein levande møteplass med eit breitt kulturtilbod for innbyggjarane, og håpar at det kan kome på plass løysingar som gjer det mogleg å halde fram med kino i framtida, seier Jensen.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?