Bli med på årets TV-aksjon!

Søndag 18. oktober går årets TV-aksjon til NRC Flyktninghjelpen. Kvart andre sekund må eit menneske flykte på grunn av krig og konflikt. I år skal me saman bidra til at menneske på flukt får ein trygg heim og håp for framtida.

TV-aksjonen er verdas største dugnad, og me treng folk frå heile Seljord!

Har du eit par timar å gi søndag 18. oktober? Bli med som bøsseberar og gå frå dør til dør i nærmiljøet ditt.

📍 Me treng bøsseberarar i heile kommunen

📞 Meld deg på 414 78 200

📧 eller rikke@seljordfrivillig.no

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?