Markering av verdsdagen for psykisk helse 💚
29.september markerte vi Verdsdagen for psykisk helse på biblioteket. Årets markering hadde fokus på fellesskap og tillit, og målet var å skape ein uformell og inkluderande møteplass der det var rom for både ein prat og ein hyggeleg pause i kvardagen.
Besøkande kunne kome innom mellom kl. 14.00 og 17.00. Det blei servert rundstykke, kaffi og te, og det var lagt fram materiell og små gåver frå Verdsdagen for psykisk helse. Ordføraren var også innom for ein prat. Tusen takk til Rokk Kafè - Idea Kompetanse som sponsa rundstykke denne dagen.
Markeringa var eit enkelt, men viktig tiltak for å setje psykisk helse på dagsorden.
Takk til alle som kom innom, tok ein kaffikopp, slo av ein prat eller berre var ein del av fellesskapet. 💚
Vi håpar markeringa kan bidra til meir openheit, omtanke og merksemd rundt psykisk helse også resten av året.

Frå venstre: Janne M. Sukke, sokneprest og Solveig Abrahamsen, ordførar.

Sist oppdatert
