Seljord jakt- og fiskelag gjev alle skuleelevar i Seljord kommune ei fiskestong

Før sommaren inviterte Seljord jakt- og fiskelag alle skuleelevane i kommunen til fiskekonkurranse. Mange elevar frå skulane i Seljord kommune deltok og sende inn bilete av fiskefangsten sin. Målet var å få fleire barn og unge ut i naturen og gje dei gode opplevingar.

Alle deltakarane fekk premie, men jakt- og fiskelaget hadde også ei ekstra overrasking: Denne hausten får alle skuleelevar i Seljord kommune si eiga fiskestong. Laget ønskjer at alle barn skal få høve til å prøve fiskelykka, uavhengig av om dei har utstyr frå før.

På Flatdal skule vann Ellinor Ambrosia Ingebrigtsen med ein torsk på rundt to kilo. Ved Seljord barneskule vann Illia Babi med ei gjedde på tre kilo. Dei største fiskane i kommunen fekk Tov Kusslid Haugland og Håkon Sudgarden ved Seljord ungdomsskule, med kvar sin lange på åtte kilo.

Fiskestengene blei tekne imot med stor jubel. No håpar Seljord jakt- og fiskelag at gåva vil skape fiskeglede, aktivitet og mange nye naturopplevingar for barn og unge i heile kommunen.

Tusen takk til Seljord jakt- og fiskelag for ei flott og inkluderande gåve!

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?