LÅVEFEST FOR UNGDOM 2026

Alle foto Sara Marie Christiansen Smith
Fredag 4. september var det igjen duka for Låvefest på Bjørge Besøksgard. Nesten 400 ungdommar frå Seljord og nabokommunane tok turen for ein kveld fylt med countrymusikk, dans, aktivitetar og god stemning!
Etter ein vellukka debut i 2025 var forventningane store, og ungdommane hadde sjølve vore med på å forme årets arrangement. Eitt av dei store ønska var å få Byting på scena, og det fekk dei! Bandet sørgde for skikkeleg liv i låven, med eit engasjert publikum framfor scena.
Men Låvefest handla om meir enn musikk. Ungdommane kunne mellom anna prøve seg på rodeo, lassokasting og bogeskyting, eller ta ein pause frå folkelivet rundt bålet i lavvoen. I forkant av festen blei det òg arrangert swingkurs, slik at dei som ville, kunne lære seg nokre dansetrinn før den store kvelden.
Bak arrangementet låg det mykje arbeid frå både tilsette, frivillige og ungdommar. Fleire ungdommar hadde bidrege med idear og førebuingar, medan eldre ungdommar stilte opp som frivillige under sjølve festen. Vaksne frå fleire kommunar bidrog som vakter, og det blei organisert busstransport slik at ungdom frå fleire stader kunne vere med.
Det er nettopp dette som gjer Låvefest så fint – at så mange går saman om å skape ein møteplass for ungdom på tvers av kommunegrensene.
Ein stor takk til alle frivillige, samarbeidspartnarar, sponsorar og andre som bidrog til å gjere kvelden mogleg. Og ikkje minst til alle ungdommane som møtte opp, fylte låven og skapte den fantastiske stemninga!
Etter to år med stort oppmøte og mykje engasjement er det ekstra moro at ungdommane allereie har begynt å spørje om Låvefest 2027!
Sist oppdatert
