TV-aksjonen 2026

Årets TV-aksjon er 18. oktober og går til NRC Flyktninghjelpen, som skal gi menneske på flukt ein trygg heim og håp for framtida. NRC Flyktninghjelpen er den største humanitære organisasjonen i Noreg.

TV-aksjonen 2026 skal bidra til at over 400 000 menneske får tryggare og betre buforhold i Syria, Gaza, Afghanistan, Tsjad, Sudan og DR Kongo. Pengane skal gå til naudbustader, midlertidige og varige heimar, vatn og sanitær og juridisk hjelp. Meir informasjon finn de ved å følge denne lenkja: Hjem | NRK TV-aksjonen 2026

1.-7. trinn ved Seljord barne- og ungdomsskule vil støtte årets TV-aksjon ved å gjennomføre skuleløp fredag 16.10. Skuleløpet går ut på at elevane spring/går så mange rundar dei klarer ut frå kva for trinn dei går på. 1.-2. kl. skal gå/springe i 30 minutt, 3.-4. kl. i 45 minutt og 5.-7. kl. i 60 minutt.

Elevane på Seljord Barneskule lurar på om det er bedrifter (ikkje enkeltpersonar) som vil sponse ei klasse i årets skuleløp. De kan kome med ynskje om kva for klasse, eller så kan de berre skrive at de vil sponse. Sponsorar blir fordelt jamt utover trinna. Det er fleire måtar å sponse på, som til dømes:

- Gi ein sum til ei klasse ut frå kor mange rundar (400m) elevane spring/går. Om ein vel dette alternativet, får bedrifta vite kor mange rundar klassa har gått/sprunge etter endt skuleløp.

- Gi eit fast beløp til ei klasse

Dersom de vil ha meir informasjon eller ynskjer å sponse, kan de sende ein mail til:

malene.sandsdalen@seljord.kommune.no

Helsing Elevrådet v/ Seljord Barneskule

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?