Offentleg ettersyn av heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse for 2027 – 2031

Formannskapet har vedteke å leggje forslag til ny heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse) ut til offentleg ettersyn i fire veker.

Den heilskapelege ROS-analysen skal gi eit samla bilete av hendingar og forhold som kan påverke tryggleiken, beredskapen og samfunnsutviklinga i kommunen. Analysen omfattar mellom anna vurderingar av naturhendingar, kritisk infrastruktur, helseberedskap og andre forhold som kan medføre risiko for liv, helse, miljø og materielle verdiar. Denne heilskapleg ROS- analyse kartlegg kva for risikoar kommunen kan stå overfor i framtida. Kvart scenario blir vurdert ut frå sannsyn, konsekvens og behov for tiltak.

For nokre av analyse er enkelte informasjonar sladda bort då desse er av ein slik karakter at kommunen ikkje ynskjer at dette skal bli tilgjengeleg for alle.

Dokumentet er gjort tilgjengeleg for innsyn 1 perioden frå 11.09 til 09.10.26 slik at innbyggjarar, næringsliv, organisasjonar og andre interesserte kan gjere seg kjende med innhaldet.

ROS-analysen kan lesast ved å følgje lenka nedanfor.

Heilskapeleg risiko- og sårbarheitsanalyse off.ettersyn pdf, 1 MB, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?