Lærlingar i Seljord

I desse dagar ynskjer vi nye lærlingar velkomen til oss i Seljord kommune. Med dei på plass er vi stolte over å kunne tilby fleire læreplassar enn tidlegare og vi har i tillegg tatt inn ein lærling i eit nytt fag; anleggsrørleggarfaget. Seljord kommune har no ein ny lærling i helsefag, tre nye i barne og ungdomsarbeidarfaget og ein ny i anleggsrørleggarfaget.
Vi er glade for å kunne ta imot unge som ynskjer å utvikle seg i arbeidslivet.

Lærlingane er ei viktig ressurs for verksemda vår og samfunnet generelt.
Dei bidreg med engasjement, nye perspektiv og vilje til å lære, samtidig som dei får verdifull erfaring og rettleiing frå dyktige fagfolk.
Ei særleg takk til instruktørane som er lærlingens nærmaste rettleiar.

Det siste året har vi også styrkt samarbeidet med OKOS Telemark. Prøvestasjonen på Dalen har blitt flytta til simuleringssenteret i Seljord.
Vi er stolte av å kunne tilby nyoppussa lokale der kandidatar i øvre Telemark kan ta fagprøva si i helsefag.

Vi ser fram til å følgje lærlingane på vegen mot fagbrev og nye karrieremoglegheiter og ynskjer alle våre nye lærlingar lukke til med læretida!

Frå venstre: Torill Gulløy og Ida Wang

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?