Høyring: Forskrift om ordensreglar for vaksenopplæringa

Forslag til «Forskrift om ordensreglar for vaksenopplæringa» er no lagt ut på høyring, med frist for innspel 13.9.2026.

Føremålet med den nye forskrifta er å skape føreseielege rammer for både deltakarar og tilsette.

Forskrifta skildrar kva rettar og plikter deltakarane har. Ho forklarar også kva reglar som gjeld for orden og åtferd, og kva reaksjonar som kan nyttast dersom reglane ikkje vert følgde.

Etter høyringa vil saka bli handsama i formannskapet før ho vert send vidare til kommunestyret for endeleg vedtak.

Alle i Seljord kommune kan kome med innspel til forslaget til ny forskrift fram til 13.9. 2026. Innspela vil bli vurdert før endeleg forslag vert lagt fram til politisk handsaming.

Høyringsfrist

13.9.2026

Link til høyringsforslag docx, 17 kB, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?