I sorg over H.M. Kong Harald V sin bortgang
H.M. Kong Harald V (1937-2026) har gått bort i dag, 28. august, 89 år gammal.
Det er med stor sorg og djupt alvor Seljord kommune har teke imot bodskapen om at Hans Majestet Kongen er gått bort.
Kongen har gjennom eit langt liv og si gjerning vore eit samlande symbol på det norske fellesskapet, og ein nær og kjær konge for heile det norske folket.
Våre tankar og djupaste medkjensle går i dag til Den kongelege familien.
Kondolanseprotokoll på kommunehuset
For å gje innbyggjarane i kommunen høve til å uttrykkje sorga si og heidre minnet til Kongen, legg vi ut ein offisiell kondolanseprotokoll i resepsjonen på kommunehuset i opningstida. Opningstida til kommunehuset: mandag-fredag kl 08.30-14.00.
Ordførar Solveig Sundbø Abrahamsen og kommunedirektør Beate Våge Lia har skrive ei siste helsing:
"Ei siste helsing til H.M. Kong Harald V: Takk for alt du var for landet vårt. Det blir aldri gløymt. Med minnast Kongen med djup takksemd og respekt"
Kommunal drift som før
Seljord kommune vil halde fram med ordinær drift i alle tenester inntil eventuelle andre nasjonale føringar vert kunngjorde.
Snakk med barn og unge
Kommunen viser til råd frå Utdanningsdirektoratet, som tilrår at barnehagar og skular held fram med ordinær drift. Direktoratet peikar på at det er viktig for barn og unge å møte trygge vaksne og ha ein arena der dei kan snakke om det som har skjedd og stille spørsmål.
For tilsette i barnehage og skule vert det vist til faglege råd frå Utdanningsdirektoratet om korleis ein kan snakke med barn og unge om dødsfallet.
Informasjon frå Statsforvaltaren
Offisiell informasjon frå Statsforvaltaren seier mellom anna at det vil bli fastsett ein nasjonal sørgeperiode fram til etter gravferda.
Informasjon og rettleiing om sørgeperioden er utarbeidd av Statsministarens kontor (SMK) og vil bli tilgjengelig på regjeringen.no. Det er kommunene som har ansvar for lokal oppfølging og markeringer i tråd med veilederen. Statsforvalteren skal gi veiledning og besvare spørsmål fra kommunene hvis det er behov for ytterligere avklaringer utover det som fremgår av informasjonen på regjeringen.no.
Det er det beslutta at det skal flagges på halv stang fra alle statlige virksomheter fra i dag og til etter gravferden. Når gravferden har funnet sted, heises flaggene på hel stang.
Også kommunale og fylkeskommunale verksemder vert oppmoda til å slutte seg til flagginga på halv stang.
Normale tider for heising og haling av flagget i hht. § 6 i Forskrift angående bruk av statsflagget og handelsflagget av 21.10 1927 nr. 9733 vert lagt til grunn.
Open kyrkje
Kyrkjeklokkene i Seljord, Flatdal og Åmotsdal vil ringe i dag, fredag 28. august, frå klokka 12 - 13.
Seljord kyrkje er open klokka 12 - 15 i dag og klokka 11-13 på søndag 30. august - med mulighet for å tenne lys og skrive i kondolanseprotokoll.

Sist oppdatert
