Opning av dagsturhytta


Torsdag 27. august vart den nye Dagsturhytta Pumpehuset på Eventyrøy offisielt opna. Dagsturhytta er etablert gjennom samarbeid mellom Telemark fylkeskommune og Seljord kommune.

Arrangementet starta med trompetfanfare av Gunhild Aase.

Fungerande fylkesordførar Terje Riis-Johansen og ordførar i Seljord, Solveig Sundbø Abrahamsen, fekk æra av å offisielt opne hytta.

Sigrid Aase hadde kulturinnslaget med sang for dei som møtte opp for markeringa.

Telemark Fylkeskommune har skrive meir om det her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Seljord kommune vil rette ei takk til alle som møtte opp for å markere opninga, og til alle som har bidrege til å gjere prosjektet mogleg. Vi håpar Pumpehuset vil bli mykje brukt i åra som kjem, og at hytta blir ein naturleg møteplass for både kvardagsutflukter og større opplevingar.

Velkomen på tur! 🌿🏡

Sigrid Aase

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?