Seljord har hatt positiv folketalsvekst i 2026

Frå 1. januar til 1. juli 2026 auka folketalet frå 2959 til 2981 innbyggjarar.

Per 2. kvartal 2026 er fødselsbalansen negativ, med 8 fødde og 11 døde, noko som gir eit underskot på 3 personar. Samstundes har kommunen ei netto innflytting på 14 personar, med 39 innanlands tilflyttingar og 25 innanlands fråflyttingar.

Historisk sett ligg folketalet på om lag same nivå som for ti år sidan, sjølv om det har vore svingingar i perioden.

Folketalsveksten i 2026 kjem i hovudsak av positiv netto innflytting til kommunen.

Kjelde: Kommunefakta Seljord – SSB Lenke til et annet nettsted.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?