🌞 Takk til alle sommarvikarane våre! 🌞
Gjennom sommaren har mange flinke sommarvikarar bidrege til å halde hjula i gang i Seljord kommune. Dei har gjort ein viktig innsats for innbyggjarane våre og vore ein verdifull del av tenestene våre.
Vi vil rette ein stor takk til kvar og ein av dykk for innsatsen, engasjementet og den gode jobben de har gjort. Vi håpar de har hatt ei lærerik og triveleg sommar hos oss, og at vi får sjå mange av dykk att som vikarar eller framtidige medarbeidarar.
Nedanfor kan du bli kjend med nokre av sommarvikarane som har jobba hos oss i år.
Bjønn Klomset-Lønnestad
Bjønn har jobba som sommervikar for samfunnsutvikling og drift med grassklipping, kantklipping, vanning, rydding, hjelpemann og diverse arbeidsoppgaver.

Bjønn Klomset-Lønnestad
Open omsorg har hatt mange flotte sommervikarar i år.
Under ser de Stine Høydahl - ho er sommervikar hos oss som heimehjelp.

Stine Høydahl
Frå venstre sjukepleierstudent Aurora Haugen. Til Høgre Hilde Sveinsson Fosnæs, Sjukepleier.

Frå venstre sjukepleierstudent Aurora Haugen. Til Høgre Hilde Sveinsson Fosnæs, Sjukepleier.
I sommar har Ambros, Sara, Håvard Ane og Mona vore aktivitetsleiarar på Sommarskulen i Seljord kommune. Ane jobbar til vanleg som ungdomslos, medan dei andre har vore sommarvikarar. Ragnhild har vore leiar for Sommarskulen, og har og vore med på mykje av moroa ute på aktivitetane.

Fråå venstre av Ambros Rønjom Rue, Sara Smith, Ragnhild Stade, Ane Flatland, Håvard Eilefstjønn
Sist oppdatert
