Vel gjennomført Countryfestival
Årets Countryfestival i Seljord var ein suksess! Ny publikumsrekord med 42 000 besøkande i løpet av helga.
Sidan 1999 har det vore Countryfestival på Dyrskuplassen. Artistar frå inn- og utland har besøkt bygda og plassen. Folk frå heile landet har kosa seg med festival, musikk, campingliv og gode møte.
Festivalen sysselsetter ein stor skare med menneske, både vanleg tilsette og frivillige. Oppgåvene er knytt til camping, artistar, servering, vakthald, billettsal, søppeltømming og mykje anna. I år vart det publikumsrekord med heile 42 000 besøkande innom festivalen i løpet av helga.
Seljord kommune gratulerer Countryfestivalen med vel gjennomført festivalhelg og ny publikumsrekord!

Sist oppdatert
