Høyring Forskrift om bruk av termiske og restlysforsterkande siktemiddel ved jakt på hjort i Seljord kommune, Telemark
Seljord kommune har vurdert at det ligg føre eit særskilt behov for å regulere hjortebestanden i delar av kommunen der utfordringane er størst.
I enkelte område skjer det gjentekne viltpåkøyrslar, og det er dokumentert betydelege beiteskadar på skog og jordbruksareal. Enkelte bønder opplever store tap pga hjortegnag på rundballar. Desse problema er særleg knytt til område med dyrka mark og nær trafikkerte vegar, der hjorten samlar seg i flokkar.
Kommunen har fått dispensasjon til kvotefri jakt på hjortekalv frå landbruksdirektoratet, noko som stadfestar at det er behov for ekstra tiltak for å redusere bestanden.
Etter ny viltressurslov kan bruk av termiske siktemiddel berre tillatast dersom kommunen opnar for dette i lokal forskrift. Kommunen meiner at ei slik forskrift er nødvendig fordi:
- utfordringane med høg hjortebestand er knytt til bestemte område
- dagens verkemiddel t.d. skadefelling ikkje gjer tilstrekkeleg effekt
- bestandstalet må reduserast for å avgrense skadar og ulemper gjennom ordinær jakt
Tiltaket er retta mot å gjere jakta meir effektiv der problema er størst, slik at ein kan oppnå betre regulering av hjortebestanden i tråd med lokale mål. Dette er i samsvar med kommunen sitt ansvar for ei berekraftig hjorteviltforvaltning basert på lokale forhold og skadeomfang.
Høyringsfristen setjast til 1.august 2026. Send høyringsforslag til post@seljord.kommune.no

Sist oppdatert
