Eit flott år på Mjølkerampa

Med ein kjekk sommarfest på Seljord Camping sette Mjølkerampa punktum for eit innhaldsrikt skuleår. Kvelden baud på grilling, aktivitetar, gode samtalar og mykje latter – ei fin avslutning saman med ungdomane før sommaren.

Gjennom året har Mjølkerampa vore ein viktig møteplass for ungdom i Seljord. Her har det vore rom for aktivitetar, spel, matlaging, turar og ikkje minst eit trygt fellesskap. Vi er spesielt glade for at Mjølkerampa verkeleg har blitt ungdomen sitt hus – ein stad der ungdomane sjølve tek eigarskap, kjem med idear og er med på å forme tilbodet.

Vi vil rette ein stor takk til alle ungdomane, frivillige, føresette, samarbeidspartnarar og andre som har vore med og gjort dette mogleg. Saman har de bidrege til å gjere Mjølkerampa til den møteplassen ho er i dag.

Sjølv om vi er stolte av utviklinga, ser vi òg mange moglegheiter vidare. Vi gler oss til å utvikle tilbodet endå meir i samarbeid med lokalsamfunnet.

No ventar ein aktiv sommarskule, før vi opnar dørene igjen til eit nytt skuleår etter sommaren.

Vi ønskjer alle ein riktig god sommar! ☀️

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?