Sommarens fiskekonkurranse for alle elevar i Seljord kommune!
Frå 19. juni til 16. august inviterer skulane i Seljord kommune, i samarbeid med Seljord Jakt og Fiskelag, alle elevar til å bli med på sommarens fiskekonkurranse.
Det viktigaste er ikkje å få fisk,men å kome seg ut på tur, oppleve naturen og ha det kjekt! Alle elevar som er på fisketur og sender inn eit bilete frå turen, er med i konkurransen. Dersom du får fisk, kan du også vere med i konkurransen om den største fisken på skulen og i heile kommunen.
Premiar til alle som deltek!
Premiar sponsa av Seljord Jakt og Fiskelag.
Manglar du fiskeutstyr? Seljord Jakt og Fiskelag kan hjelpe med utlån av utstyr.
For å delta sender føresette bilete frå fisketuren til rektor ved skulen. Dersom eleven har fått fisk, er det fint om vekta blir oppgitt.
Vi håpar mange tek turen til vatn, elvar og bekkar i sommar og får gode naturopplevingar saman med familie og vener.
God sommar og skitt fiske til alle elevar helsing oss i oppvekst!
Sist oppdatert
