Pridemarkering i Vest-Telemark

Laurdag 13. juni vil Seljord kommune markere mangfald, inkludering og retten til å vere seg sjølv ved å heise regnbogeflagget.

Flagginga er eit synleg uttrykk for at kommunen ynskjer å vere eit ope og trygt samfunn der alle innbyggjarar skal kjenne seg inkluderte – uavhengig av kven dei er eller kven dei elskar.

Pridetog i Nissedal:
Laurdag 13. juni vert det arrangert bygdepride for fyrste gong i Nissedal kommune. Det går tog saman frå Kåsasletta til Treungen sentrum.

Les meir om arrangementet her:
Nissedal Bygdepride – Kva skjer i Nissedal? Lenke til et annet nettsted.

 

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?