Moderasjonsordninger for SFO og barnehage
Det er snart tid for nytt barnehage og skuleår. Det finnast ulike moderasjonsordningar for born i barnehage og SFO.
Barnehagebetaling
Barnehagesatsane er regulert etter forskrift om foreldrebetaling i barnehagar. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. Lenke til et annet nettsted.
Kostnad for full barnehageplass er frå 1.8.25, kr 700.
Kost kjem i tillegg, kr 480.
Full gebyrliste for 2026 finn du her.Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. Lenke til et annet nettsted.
Det er to ulike moderasjonsordningar, dei er avhengig av foreldra si samla brutto inntekt:
- Foreldrebetaling for ein barnehageplass skal maksimalt utgjere 6 % av familien sin samla person- og kapitalinntekt. Dette blir rekna ut individuelt. Inntektsgrensa er kr 128 333.
- Ordning med gratis kjernetid på 20 timar/veka gjeld for 2-3-4-5-åringar. Inntektsgrensa kr 669 050.
- Søskenmoderasjon: Det er 30 prosent reduksjon for andre barnet. For det tredje barnet er det gratis barnehageplass.
- For å få reduksjonen i betaling og gratis kjernetid må du søke kvart år.
- Søknadsfristen er sett til 1.august eller i samband med ny søknad seinare i året. Du kan søke undervegs i barnehageåret. Ei eventuell endring i barnehagebetaling vil då gjelde frå 1. i neste månad.
- Søknadsskjema ligg i Foreldreportalen. Lenke til et annet nettsted.
SFO:
- Born i 1-3 trinn får 12 timar gratis SFO i veka. Dette er lagt inn i prisen og føresette treng ikkje å søkje om dette.
- Har familien samla inntekt lågare enn kr 535 000,- kan ein søke om redusert foreldrebetaling i føresattportalen. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
- Gratis SFO for elevar med særskilde behov på 5. til 7. trinn.
- Eventuelt vedtak for redusert foreldrebetaling gjeld for 1 år av gongen. Søknadsfrist er 1.august
Sist oppdatert
