Hugs å søke på tilbod i kulturskulen!

Har du lyst til å spela eit instrument, være med i band, korps eller kanskje du er nysgjerrig på teater?

Kulturskulen er ein plass der ein kan utforske, prøve ut instrument, synge, vere med på teater, og ikkje minst ha det moro. Vi har og eit gruppetilbod for dei yngste som vi kallar Musikk-leik.

Å lære seg å spele eit instrument gir mykje meir enn berre tonar og musikkglede. Det styrkjer konsentrasjon, uthald og samarbeidsevne. Gjennom øving og meistring opplever elevane personleg utvikling og får eit verdifullt friminutt frå kvardagen.

Når ein spelar saman i korps eller samspel, oppstår dessutan noko heilt spesielt: fellesskapet. Ein blir del av ei gruppe der alle er viktige for heilheita. Musikken bind folk saman på tvers av alder, erfaring og bakgrunn – og gjer at nye vennskap veks fram.

Har du lyst til å lære deg eit instrument, eller kjenner du nokon som kan tenkje seg å prøve? Ta kontakt med kulturskulen – her er det rom for både nybegynnarar og vidarekomne.


For å søke på kulturskulen, kan ein gå inn på kommunens heimeside og søker der. Der finn du og informasjon om tilbod og prisar.

Søknadsfristen er 1. juni men vi tar inn elevar til det er fullt.

Ta kontakt viss du har spørsmål

Anne Torunn Øverbø (rektor): 91360150

e-post: anne.torunn.overbo@seljord.kommune.no

Kulturskule - SELJORD KOMMUNE Lenke til et annet nettsted.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?