Kulturpris og kulturstipend 2026
Årets kulturpris gjekk til Randi Nordskog og kulturstipendet for ungdom gjekk til Gunhild Aase
Tradisjonen tru vart kulturprisen og ungdomens kulturstipend dela ut av ordføraren under nasjonaldagsfeiringa. Pris og stipend vert utdelt i samarbeid mellom Sparebankstiftelsen Seljord og Seljord kommune.
I 1992 blei nye kriterier for kulturprisen innført. Ungdommens kulturstipend blei oppretta i 2007.
Årets vinnarar
Kulturprisen
Randi Nordskog fekk prisen for engasjementet og arbeidet sitt med kultur på Granvin kulturhus gjennom mange år.
I juryens grunngjeving heiter det:
Seljord kommune og Sparebankstiftinga Seljord delar saman ut kulturpris for Seljord. Prisen består av ein sjekk på kr. 20.000,- og ein skulptur laga av Phillip Dommen.
Kulturprisen skal gå til ein person eller fleire personar, ein institusjon, eit lag eller ein organisasjon som har gjort ein innsats utover det vanlege innan kultur/ idrett i Seljord.
( Den same nemnda som for stipendet)
- Gjennom ein mannsalder har prisvinnaren drive med dugnadsarbeid både i kulturen og idretten og hatt leiaroppgåver i både som leiar i Dyrskumatgruppa i idrettslaget og skulekorps.
- Prisvinnaren er ei energisk eldsjel med stort engasjement for lokalsamfunnet
- Prisvinnaren er oppfinnsam og løysingsorientert og har gode ovetalelsemner når det gjeld å søke midlar til frivillig arbeid.
- Song og musikk betyr mykje og prisvinnaren var med å starte den tradisjonelle adventskonserten
- Frivillig arbeid betyr mykje og gleda ved å vite at du utgjer ein forskjell er nok ei drivkraft.
- Prisvinnaren har gjennom tidene hatt to heimar i Seljord-
- Namnet på prisvinnaren er synonymt med dugnad og Granvin kulturhus; Randi Nordskog
Ungdomens kulturstipend
Gunhild Aase fekk ungdomens kulturstipend for si satsing på trompetspel.
I juryens grunngjeving heiter det:
Seljord kommune og Sparebankstiftinga Seljord delar saman ut kulturstipend for Seljord. Stipendet består av ein sjekk på kr. 20.000,- og eit diplom laga av kunstnaren Borghild Telenes Fjågesund.
Kulturstipendet skal gå til kultur-/ idrettsutøvarar mellom 15 – 25 år, registrert som busett i Seljord kommune og som gjer ein innsats utover det vanlege innanfor sine område. Ei kulturprisnemnd sett saman av tre personar oppnemnt av Formannskapet og tre personar oppnemnt av Sparebankstiftinga skal avgjere kven som skal få kulturstipendet.
Kulturstipendet skal gå til kultur-/ idrettsutøvarar mellom 15 – 25 år, registrert som busett i Seljord kommune og som gjer ein innsats utover det vanlege innanfor sine område.
Kulturstipendet skal lysast ut i februar kvart år med 1. april som frist for innsending av skriftlege framlegg til kandidatar. Unge utøvarar kan òg sjølve søkje stipendet og grunngje søknaden.
Kulturprisnemda vil i år gi stipendet til ein ungdom som sidan ho var 3 år har spela sitt instrument.
Det er mange av oss som har hatt stor glede av å høyre dei vakre tonane fordi ho deltek aktivt på ulike arrangement både i regi av kulturskulen, på Gudstenester og vore solist på fleire arrangement.
Tilbakemeldingane frå publikum er ofte « Så fantastisk» «Eg får frysninger»
Ungdommen har høge ambisjonar og målet hennar er å koma inn på Oslo musikkhøgskule for å studere musikk.
Kulturprisnemda vil gi Gunhild Aase kulturstipendet for 2026 og ynskje ho lykke til videre med karrieren !
Tidelgare vinnarar
Her ser du lista over alle tidlegare tildelingar av kulturpirs og kulturstipend doc, 30 kB.

Vinnar av kulturstipendet 2026, Gunhild Aase (t.v.), ordførar Solveig Sundbø Abrahamsen, kulturpirsvinnar Randi Nordskog
Sist oppdatert
