Høyring om søknad
Grunningsdalen kraftverk

Høyring av søknad om løyve til å byggje
Grunningsdalen kraftverk i Seljord kommune, Telemark fylke

NVE har fått ein søknad frå Småkraft AS om løyve etter vassressurslova til å utnytte elva Grunnåi til kraftproduksjon gjennom bygging av Grunningsdalen kraftverk. Kraftverket får inntak på kote 687 og kraftstasjon på kote 612 moh, og nytter eit brutto fall på 75 meter med vassveg i form av ein nedgrave røyrgate på 1876 meter. Anlegget er planlagt bygt nedanfor Slåkåvatnet og ovanfor Grunnåi kraftverk.
Kraftverket vil gi ein årleg kraftproduksjon på 5,9 GWh. Dette svarar til den årlege straumbruken til om om lag 300 husstandar.

Send søknad


Søknaden med vedlegg er lagt ut på NVE si nettside: www.nve.no/9195/V Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..

Kontakinformasjon for uttale


Alle som har meiningar om saka kan uttale seg. Fråsegn kan sendast oss elektronisk via nettsida, per e-post til nve@nve.no eller per post til NVE, Energi- og konsesjonsavdelinga, Postboks 5091 Majorstua,
0301 Oslo. Merk brev eller e-post med «Høyringsfråsegn» og saksnummer 202318279. Frist for å sende fråsegn er 15.06.2026

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?