Kommunen besøkte Seljord Hotell
Kommunen, representert ved ordførar Solveig S. Abrahamsen, kommunedirektør Beate V. Lia og næringssjef Asbjørn Storrusten, besøkte Seljord Hotell fredag 17. april. Der møtte dei hotellsjef for Unike Hotell Morgedal og Seljord, Ida Kristin Havsjømoen, og assisterande hotellsjef Mark Van der Weide.
Ordføraren gratulerte Seljord Hotell med miljøsertifisering og overrekte ein plakett som dokumentasjon på dette. Vidare var det ein hyggeleg prat om hotellet og drifta. Kristin fortalde mellom anna at den planlagde utvendige oppussinga, som dessverre ikkje vart gjennomført som planlagt i fjor, vil bli gjennomført i år – så snart dei får tak i kvalifiserte arbeidstakarar som kan utføre arbeidet. Ho fortalde at hotelleiinga er optimistisk når det gjeld framtida for hotellet, med godt besøk og positive tilbakemeldingar. Hotellet arbeider også for å bli meir ope, med enklare servering og meir aktiv i deltaking i lokalsamfunnet.

Kommunedirektør Beate v. Lia, ordførar Solveig S. Abrahamsen, hotellsjef Unike hotell Morgedal/ Seljord Ida Kristin Havsjømoen og ass. hotellsjef Mark Van der Weide
Foto A. Storrusten
Sist oppdatert
