Informasjonspunkt i Seljord kommune - kommunehuset

Informasjon oppdatert på Beredskap

Her kan du få informasjon når internett, mobiltelefon, radio og TV ikkje fungerer.

I ein krisesituasjon kan dei ordinære informasjonskanalane våre bli utilgjengelege. Då blir det vanskeleg å komme i kontakt med naudetatane, og det blir vanskeleg å tileigne seg viktig informasjon om kva som skjer og kva du som innbyggjar bør gjere.

Naudsituasjonar

Om det oppstår situasjonar som normalt ville vore meldt inn til naudetatane på telefon til 110, 112 og 113, bør første prioritet vere å ta seg til legevakt/helsesenteret i kommunen. Sjå også etter utrykkingskøyretøy som i slike situasjonar kan vere utplasserte langs vegane og synleggjort med blålys.

Informasjon og rettleiing

For å sikre at innbyggjarane også får høve til å tileigne seg naudsynt informasjon og be om hjelp frå kommunale tenester, vil Seljord kommune etablere eit eige informasjonspunkt i kommunen.

Informasjonspunkt i Seljord kommune:

  • Kommunehuset i Seljord
    Adresse: Brøløsvegen 13 A, 3840 Seljord

Kva skjer på informasjonspunkt?

På informasjonspunkt kan du:

  • Få viktig informasjon om situasjonen og kva du som innbyggjar kan eller bør gjere
  • Be om hjelp frå kommunale tenester og, så langt det er mogleg, få praktisk hjelp og rettleiing

Når blir informasjonspunkt opna?

Representantane til kommunen vil opna informasjonspunkta så raskt som mogleg. Kor raskt dei er på plass vil avhenga av situasjonen, der dei er, og tidspunktet på døgnet. Sjølv om representantane ikkje er til stades med ein gong, vil informasjonspunkta fungere som samlingspunkt for informasjon og hjelp så snart det er mogleg.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?