Førespurnad om areal til etablering av robuste småhus
Seljord kommune inviterer til dialog om areal til robuste småhus
Seljord kommune arbeider med å etablere to robuste småhus som ein del av kommunen sitt bustadsosiale arbeid. Bustadene er retta mot personar som av ulike grunnar ikkje meistrar å bu i ordinær eigen bustad, og som har behov for ein liten, oversiktleg bustad med robust utforming som toler hard bruk og gir trygge rammer i kvardagen. I den samanhengen har kommunestyret vedtatt at kommunen skal gå i dialog med grunneigarar som eig sentralt plasserte areal i tilknyting til Seljord sentrum for å sjå om det finnes meir eigna areal enn det kommunen disponerer.
Arealtype
Vi ser etter eit areal som kan eigne seg for oppføring av to mindre, frittliggjande bustader. Arealet bør liggje i gang- og sykkelavstand til sentrum, men ikkje i eit etablert bustadområde. Det er ønskjeleg at tomta ligg noko for seg sjølv og har ei plassering som kan bidra til trygge og stabile buforhold.
Det er ein fordel om arealet er regulert til bustadformål eller anna utbyggingsformål, men kommunen vil også vurdere andre areal som kan vere eigna. Seljord kommune kan både vurdere kjøp av areal eller leige over tid, avhengig av kva som er mest formålstenleg.
Førespurnaden er ikkje bindande, men har som mål å kartleggje aktuelle alternativ og invitere til ein uformell dialog. Eventuelle vidare avklaringar knytt til val av areal, kjøp eller leige vil vera gjenstand for politisk handsaming og må avgjerast av kommunestyret.
Ta kontakt
Dersom du eig areal som kan vere aktuelt, eller ønskjer nærare informasjon om prosjektet, set vi pris på å kome i kontakt innan 20. mai 2026.

Sist oppdatert
