Er du nysgjerrig på kva kognitiv åtferdsterapi er?

Ønskjer du meir kunnskap om vanlege psykiske utfordringar? Eller kanskje du vil lære nyttige verktøy for å handtere vanskelege tankar og kjensler?

Då kan du melde deg på vårt digitale introduksjonskurs i kognitiv åtferdsterapi. Kurset passar for alle som ønskjer meir innsikt i eiga psykisk helse og konkrete strategiar i kvardagen.

Kurset blir halde den første torsdagen kvar månad, med oppstart 7. mai.
Det varer i 3 timar, frå kl. 12.00–15.00, og går digitalt.

Påmelding skjer gjennom kontaktskjemaet du finn på nettsidene til Rask psykisk helsehjelp på kommunen si heimeside.

Rask psykisk helsehjelp - SELJORD KOMMUNE Lenke til et annet nettsted.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?