Ønsketransporten

For mange menneske med funksjonsnedsetjing eller sjukdom stoppar livet brått opp. Kroppen seier nei, sjølv om ønsket om å oppleve ting og vere saman med dei ein er glad i, er like sterkt. Ønskjetransporten hjelper menneske å få tilbake augeblikk som sjukdom elles hadde teke frå dei. Det kan vere alt frå:

  • Sosial deltaking
  • Eit besøk til barndomsheimen
  • Deltaking i seremonielle hendingar (gravferd, bryllaup osv.)
  • Ei pause frå ein kvardag prega av sjukdom og helseutfordringar

Med andre ord små og store opplevingar som gir ro, glede og minner som varer. Ønsketransporten planlegg heile oppdraget saman med ønskjaren og dei pårørande. Frivillige sørgjer for trygg transport og nødvendig følgje, og der det trengst deltek helsepersonell. Alt blir gjennomført med respekt, tryggleik og verdigheit.

Her kan du lese meir om dette: Forside - Ønsketransporten Lenke til et annet nettsted.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?