SFO opptak skuleåret 26/27
SFO ligg under kvar barneskule med rektor som ansvarleg, og med dagleg leiar som fagleg ansvarleg. Tilbodet er ope for elevar på 1. - 4. trinn, men er og ope for elevar med særskilde behov på 5. - 7. trinn.
Søk her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Elevar med særskilde behov har rett på SFO-plass på 5. - 7. trinn. Tilbodet skal vere gratis, bortsett frå kostpengar. Tilbodet er avhengig av søknad.
Bruk Foreldreportalen VismaLenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. Lenke til et annet nettsted.
Kryss av på SFO-tilbodet for 5. - 7. klasse, og bruk merknadsfeltet til å skrive kva slags tilbod du ynskjer, viss du ikkje ynskjer 5 morgonar/ettermiddagar.
For dei som allereie har plass:
Opptaket gjeld til plassen blir søkt endra eller oppsagt.
Gjensidig oppseiingstid er ein månad rekna frå den første dagen i månaden etter oppseiinga.
Frist for å søke om plass eller endring av plass er 14 dagar før ynskja endringsdato.
Nye barn i skulefritidsordninga startar opp ved skulestart i august.
Elevar på 4. årstrinn har plassen til sommarferien byrjar, men med rett til å kjøpe dagar ut juni.
Ordningar for redusert betaling for SFO-plass:
Les meir om ordninga på Udir sine nettsiderLenke til et annet nettsted. Lenke til et annet nettsted.
- Ei inntektsavhengig ordning med redusert foreldrebetaling i SFO for hushaldningar med elevar på 1, 2, 3. og 4.trinn.
Har familien samla inntekt lågare enn kr 535 000,- kan ein søke om redusert foreldrebetaling. (Ein må søke kvart år) - Gratis SFO for elevar med særskilde behov på 5. til 7. trinn.
- Frå hausten 2024 vil 12 timar gratis SFO i veka gjelde for 1. - 3. trinn.
Ordninga er innretta slik at vi må trekke frå verdien av 12 timar på kvar enkelt elev sitt fakturagrunnlag kvar månad for gjeldande klassetrinn. Ein treng ikkje å søkje om dette, fråtrekket kjem automatisk.
Les meir om generell informasjon om SFO ordninga Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Sist oppdatert
