Stengt veg Fv3328 Garvikstrondi pga. utrasing

Melding om stengd veg

Ein støttemur har kollapsa, og delar av vegfyllinga har rasa ut. På grunn av mildvêret er det framleis fare for vidare utrasing. Av tryggleiksomsyn er vegen derfor stengd frå og med i ettermiddag/kveld.

Kollektiv- og skuletransport er informert.

Omkøyring skjer via Rv36 og E134.

Det er førebels uvisst når vegen kan opnast att. Vi kjem tilbake med meir informasjon så snart vi veit meir.

Oppdatering 12.03.26

Vegen vil vere stengt i 2 veker til, det kan fort bli lengre også.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?