Flatdal oppvekstsenter er godkjend som dysleksivenleg skule
Flatdal oppvekstsenter er godkjend som dysleksivenleg skule
Den 2. januar markerte vi denne viktige milepælen saman med rektor Terje Haugland og personalet på Flatdal skule.
Ordførar, kommunedirektør og kommunalsjef oppvekst var så heldig å få vere til stades i markeringa.
Det vart ei fin feiring der Tone Bøhn (tidlegare pedagogisk konsulent) tok oss med på reisa som starta allereie i 2007, og som synte kor mykje engasjement og innsats som ligg bak denne godkjenninga. Hanne Staver Slettemeås, som har gjort dysleksivennleg og inkluderande undervisning til eit satsingsområde i Midt- og Vest-Telemark var også til stades for å vere med på markeringa og sjølve overrekkinga av plaketten som Åsne Midtbø Ås stod for.
Vi er stolte av arbeidet som er gjort for å sikre gode læringsvilkår for alle elevar, og ser fram til det vidare arbeid for å styrke læring og meistring.
Gratulerer til Flatdal oppvekstsenter!

Sist oppdatert
