Signert avtale om å bli meir demensvenleg samfunn

Seljord kommune har inngått samarbeidsavtale med Nasjonalforeningen for folkehelsen om å skape eit meir demensvenleg samfunn.
Samarbeidsavtalen skal leggje til rette for at Seljord kommune skal arbeide for å bli meir demensvennleg, slik at personar med demens kan bli møtt med forståing, respekt og støtte. Dei skal få høve til å bli inkludert og delta i kvardagsaktivitetar som til dømes å handle, bruke offentleg transport og vere med på kulturarrangement og liknande. Ved å inngå denne avtalen uttrykkjer kommunen eit ynskje om å leggje til rette for at personar med demens opplever meistring og inkludering. Arbeidet for eit meir demensvennleg samfunn handlar også om korleis fysiske og sosiale omgivnader er forma ut og om kommunale tenester. Personar med demens og dei pårørande sit med erfaring og kompetanse som kan vere til nytte i dette arbeidet.
Avtala er forankra i kommunestyret 13.11.2025 som gjorde følgande vedtak:
Seljord kommune inngår eit forpliktande samarbeid med Nasjonalforeningen for folkehelse om å skape eit meir demensvenleg samfunn.
Seljord kommune har ei aktiv Trivselsgruppe som inviterte breitt til eit orienteringsmøte 29.10 om demensvenleg samfunn. Seljord har ikkje eigen demensforeining, men dette er fullt mogleg å etablere. Ved oppstart må det vere minst tre personar i eit interimstyre, med bistand får fylkesleddet.
Kva gjer ei Demensforeining:
- Demens foreining skal vere eit supplement til tenestetilbodet i kommunen, og ein naudsynt samarbeidspartnar for kommunen
- Demensforeininga kan/skal sjå til at kommunen har ein demensplan, og at dei følger opp dei politiske vedtaka sine
- Demensforeininga skal vere ein høyringsinnstans i saker som omhandlar eldreomsorg/demensarbeidet i kommunen
- Demensforeininga skal med tilboda sine/tiltak ta vare på personar med demens og deira pårørande, både heimebuande og dei som bur på institusjon
- Bidrar til dømes med innsamling til Demensaksjonen kvart år og arrangerer sosiale møteplassar
Sist oppdatert
