Kommunedirektøren sitt framlegg til budsjett
"Eit handlingsrom under press - framtidstru i ei krevjande tid", skriv kommunedirektør Beate Våge Lia
Kommunedirektøren sitt budsjettframlegg
Kvart år legg kommunedirektøren fram ein budsjett - og økonomiplan for kommunestyret som viser kva Seljord kommune bør prioritere og bruke pengar på dei neste fire åra. Kommunestyret handsamar forslaget og vedtek endeleg budsjett - og økonomiplanplan i desember.
Kommunelova sine krav
Kommunelova stiller to grunnleggjande krav til kommunale budsjett; budsjettet må vere i balanse og budsjettet må vere realistisk. Planen skal omfatte heile verksemda til kommunen og gje eit realistisk oversyn over forventa inntekter, utgifter og prioriterte oppgåver i planperioden.
I Seljord kommune utgjer økonomiplanen handlingsdelen av kommuneplanen. Planen har eit fireårig perspektiv og blir rullert årleg. Årsbudsjettet er første året i økonomiplanen og er juridisk bindande for kommunen.
Les meir her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert
