Brøyting og strøing i Seljord kommune

Seljord kommune har ansvar for drift og vedlikehald av kommunale vegar, fortau og gang- og sykkelvegar. Arbeidet med brøyting, strøing og fresing blir i hovudsak utført av lokale entreprenørar på oppdrag frå kommunen.

Når brøyter vi?

Det kommunale vegnettet er delt inn i 11 brøyteroder.
Brøyting blir normalt sett i gang når det har kome om lag 8 cm tørr snø og 5 cm våt på vegen.
Under normale forhold tek det 8 timar å brøyte ei rode, noko som betyr at snødjupna kan variere noko mellom ulike delar av kommunen.

Som hovudregel skal alle kommunale vegar vere ferdig brøyta innan kl. 08.00, men dette kan variere avhengig av vêr og føreforhold.

Ved store snøfall eller tung, våt snø, blir bussvegar, skulevegar og gang- og sykkelvegar prioriterte først for å sikre framkome for både trafikantar og utrykkingskøyretøy.

Strøing og vintervedlikehald

Strøing blir utført der det er særleg glatt eller i område med bakker, kryss og svingar. Målet er å sikre trygg ferdsel for både bilar og fotgjengarar gjennom heile vinteren.

Kva du som innbyggjar kan bidra med

For at brøytemannskapa skal kunne utføre arbeidet sitt effektivt, er det viktig at alle bidreg til å halde vegar og fortau mest mogleg frie for hinder.

Vi ber deg om å:

  • Ikkje parkere bilen slik at den står til hinder for brøyting eller snøfresing.
  • Ikkje setje søppeldunkar ut i vegen eller på fortau ved snøfall. Vent gjerne med å setje ut dunkane til rett før henting.
  • Ikkje leggje snø frå eigen eigedom ut på offentleg veg eller fortau.
  • Sørgje for at vegetasjon frå eigen eigedom ikkje heng ut i vegbane eller på fortau.
  • Brøyte eigen avkøyrsel, slik at du har god sikt og tilkomst for deg sjølv og andre trafikantar.

Ved brøyting vil det kunne leggje seg snøkant i private avkøyrsler – dette er noko ein må rekne med. Har du gjerde, plantar eller utstyr nær vegen, bør du sikre desse mot skade.

Private vegar og tun

Seljord kommune utfører ikkje brøyting, strøing eller måking på private vegar eller tun. For slike tenester må private aktørar kontaktast.

Kven har ansvar for vegen?

Det kan vere vanskeleg å vite kva vegar som er kommunale, og kva vegar som er riks-, fylkes- eller private.
Ein oversikt over dei fleste vegar finn du i Nasjonal vegdatabank (NVDB).

Trykk på vegen i kartet for å sjå eigar:

  • PV = Privat veg
  • KV = Kommunal veg
  • FV = Fylkesveg

Se kven som har ansvar vegar

Link - Vegkart Lenke til et annet nettsted.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?