Kulturskulen og korpset er godt i gang – men det er framleis plass til fleire!

Skuleåret er godt i gang, og både kulturskulen og korpset fyller kvardagen med musikk, glede og fellesskap. Mange barn og unge har allereie starta på sine instrument, i song eller på instrument – men vi har framleis nokre ledige plassar på saksofon, tverrfløyte, trompet, eufonium, gitar og piano.

Å lære seg å spele eit instrument gir mykje meir enn berre tonar og musikkglede. Det styrkjer konsentrasjon, uthald og samarbeidsevne. Gjennom øving og meistring opplever elevane personleg utvikling og får eit verdifullt friminutt frå kvardagen.

Når ein spelar saman i korps eller samspel, oppstår dessutan noko heilt spesielt: fellesskapet. Ein blir del av ei gruppe der alle er viktige for heilheita. Musikken bind folk saman på tvers av alder, erfaring og bakgrunn – og gjer at nye vennskap veks fram.

Har du lyst til å lære deg eit instrument, eller kjenner du nokon som kan tenkje seg å prøve? Ta kontakt med kulturskulen – her er det rom for både nybegynnarar og vidarekomne.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?